Forfatterarkiv: styret

Nytt webkamera

Vi har sett opp eit nytt webkamera viser utsikta frå Liavassosen og nordover: Klikk her

Det kan bli litt endring på utsnitt og vinklar etterkvart.

Vi håper dette kameraet blir eit nyttig supplement til kameraet til Sota Sæter.

Tilsagn om midler frå Breheimen Utviklingsfond

Vi har nå fått kr 50 000,- fra Breheimen Utviklingsfond (sjå vedlegg)

Desse midlane har vi tenkt å bruke til ein gapahuk ved Geitsætra, og ellers til rasteplassar mellom Mysubytta og Brennsæter.

Vi avhengige av ein dugnadsinnsats LidarVel-medlemmane for å få dette til.

Vi ynskjer innspel frå medlemmar når det gjeld utforming og plassering av dei 5-6 plassane vi har tenkt å få opp. Ta gjerne kontakt med med styret dersom du har meiningar eller gode idèar!

Epost: styret@lidarvel.no

Vedlegg: TilsagnOmMidlerBreheimenUtviklingsfond_2014-12-11

Stiftelsen av Skjåk Turløyper SA

Den 22.10.2014 ble Skjåk Turløyper stifta.

Dette er eit samvirkeforetak som har følgande likestilte andelseigarar:

  • Skjåk idrettslag
  • Lidar Vel
  • Skjåk Kommune
  • Skjåk Almenning
  • Skjåk Hytteservice

Lidar Vel har her ein fast styremedlem ved Stig Erlend Banken.

Formålet med selskapet er:

Skjåk Turløyper SA er ansvarlege for turstigar, skiløyper og sykkelstiger i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløpekøyring. Sjå www.facebook.com/skiogtur og www.aktiviskjaak.no

Vi oppmodar alle til å støtte Skjåk Turløyper med å gje eit frivillig bidrag til deira kontonr. 2085.63.65019

Lidar Vel eig og driv 2 snøskutarar. Skjåk Turløyper leier Lidar Vel sitt utstyr og mannskap for å få gjennomført løypekøyring i vårt område. Det er håp om at denne organiseringen vil medføre at vi får dekt det meste av våre løypekøyringsutgifter. Men vi er framleis avhengige av den eineståande, store innsatsen løypekjøyrarane utfører – og har utført i mange år. Ein stor takk til dei!