Forfatterarkiv: lidar

Årsmøte på Langodden 02.07.2022

Årsmøtet vart avvikla på Langodden i vekslande vær med omlag 30 frammøtte.

Rekneskap og årsmelding for 2021 vart godkjent. I tidlegare årsmøtevedtak er det løyvd kr. 100.000,- til opprusting av Sotvegen. Dette er ikkje utbetalt da endeleg vegstyre ikkje er oppnemdt, beløpet skal derfor øyremerkast i rekneskapen.

Styret vart attvald. Styret er da: Per Dagsgard (leiar), Gunveig Foss (kasserar), Kari Gjelbakken (sekretær), Roger Haugen og Ole Vegard Wang.

Solveig Flatmo blir erstatta av Asta Aamodt Mork i valnemda.

Årsmøte Lidar vel 2022

Det blir kalla inn til årsmøte i Lidar Vel ved gapahuken på Langodden laurdag  2. juli 2022 kl. 16.00

Dagsorden

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar og protokollførar
  3. Val av to frammøtte til å skrive under protokollen
  4. Godkjenning av årsmelding og årsrekneskap for 2020
  5. Val av styremedlemmar for to år, styreleiar for eitt år
  6. Val av valkomité
  7. Kontingent for 2023
  8. Tidspunkt for årsmøte  i 2023
  9. Innkomne saker/framlegg

Jf. §6 i vedtektene må saker medlemmane ynskjer å ta opp på årsmøtet vere meldt til styret seinast to veker før årsmøtet.  Dvs. innan 18. juni.

Hugs å betale årskontingenten for 2022 kr 300,-  konto 2085.64.33871.  Frist Snarest.

Oppgje medlemsnamn ved betaling

Styrekandidatar mm. er avklart med valnemnda føreåt.

Ver velkomne og møt opp på årsmøte i Lidar Vel!

Med helsing styret

styret@lidarvel.no

Medlemskontigent 2020

Det er tid for innbetaling av medlemskontingenten for 2020.

Beløp: kr 300,- (pr. hytte eller seter)
Kontonummer 2085.64.33871
Lidar Vel v/Ingvar Kringlethaugen, 2690 SKJÅK
Vi set pris på snarleg innbetaling – seinast 15. APRIL 2020.
Oppgje medlemsnamn ved betaling.

Denne innbetalinga blir sendt til alle som har interesser i området mellom Dyringen og Mysubytta. Vi ønskjer spesielt alle setereigarar, som ikkje har vore medlemmar før, hjarteleg velkomne som medlemmar i Lidar Vel!

Både hytte- og setereigarar har felles interesser i dei fleste saker, det er viktig at vi står samla i ein felles interesseorganisasjon. Slik kan vi fremje våre saker til beste for oss alle, og til glede for dei som besøkjer området.
Besøk oss gjerne på vår nettside: lidarvel.no.

Egen Gruppe på facebook,  Lidar Vel

Helsing Styret

Årsmøte 9. April 2020 – Utsatt.

Årsmøte i Lidar Vel blir utsatt til senere på våren.

Dette på grunn av smittehensyn og anbefalinger på grunn av pandemien.

Nytt tidspunkt kommer når Sota Sæter åpner igjen.

Husk og betal medlemskontigent for 2020.

Medlemskontigent 2017

Det er tid for innbetaling av medlemskontingenten for 2017.

Beløp: kr 300,- (pr. hytte eller seter)
Kontonummer 2085.64.33871
Lidar Vel v/Ingvar Kringlethaugen, 2690 SKJÅK
Vi set pris på snarleg innbetaling – seinast 30. mars 2017.