Stiftelsen av Skjåk Turløyper SA

Den 22.10.2014 ble Skjåk Turløyper stifta.

Dette er eit samvirkeforetak som har følgande likestilte andelseigarar:

  • Skjåk idrettslag
  • Lidar Vel
  • Skjåk Kommune
  • Skjåk Almenning
  • Skjåk Hytteservice

Lidar Vel har her ein fast styremedlem ved Stig Erlend Banken.

Formålet med selskapet er:

Skjåk Turløyper SA er ansvarlege for turstigar, skiløyper og sykkelstiger i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløpekøyring. Sjå www.facebook.com/skiogtur og www.aktiviskjaak.no

Vi oppmodar alle til å støtte Skjåk Turløyper med å gje eit frivillig bidrag til deira kontonr. 2085.63.65019

Lidar Vel eig og driv 2 snøskutarar. Skjåk Turløyper leier Lidar Vel sitt utstyr og mannskap for å få gjennomført løypekøyring i vårt område. Det er håp om at denne organiseringen vil medføre at vi får dekt det meste av våre løypekøyringsutgifter. Men vi er framleis avhengige av den eineståande, store innsatsen løypekjøyrarane utfører – og har utført i mange år. Ein stor takk til dei!