Kategoriarkiv: StyreSkriv

Stiftelsen av Skjåk Turløyper SA

Den 22.10.2014 ble Skjåk Turløyper stifta.

Dette er eit samvirkeforetak som har følgande likestilte andelseigarar:

  • Skjåk idrettslag
  • Lidar Vel
  • Skjåk Kommune
  • Skjåk Almenning
  • Skjåk Hytteservice

Lidar Vel har her ein fast styremedlem ved Stig Erlend Banken.

Formålet med selskapet er:

Skjåk Turløyper SA er ansvarlege for turstigar, skiløyper og sykkelstiger i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløpekøyring. Sjå www.facebook.com/skiogtur og www.aktiviskjaak.no

Vi oppmodar alle til å støtte Skjåk Turløyper med å gje eit frivillig bidrag til deira kontonr. 2085.63.65019

Lidar Vel eig og driv 2 snøskutarar. Skjåk Turløyper leier Lidar Vel sitt utstyr og mannskap for å få gjennomført løypekøyring i vårt område. Det er håp om at denne organiseringen vil medføre at vi får dekt det meste av våre løypekøyringsutgifter. Men vi er framleis avhengige av den eineståande, store innsatsen løypekjøyrarane utfører – og har utført i mange år. Ein stor takk til dei!

Ny bru ved Sota Sæter

Ny bru over Sotgrove vart nå ferdig i november.

Dette vart ei veldig flott bru! Ein stor takk til alle involverte aktører og spesielt til Flaten Bygg, som har stått for utføringa.

20141105_134549

Sotvegen – Kven skal eige den?

Kommunen si arbeidsgruppe hadde møte 10.09.2014 og konkluderte med at «Gruppa mener at Skjåk kommune skal avhende den private vegen til de som har interesser i området og oppløse det kommunalt valgte vegstyret».

Klikk her for å sjå heile møtefereratet.

Skjåk kommune har dessutan lagt ut dette på heimesida si: Kven skal eige sotvegen?

Helsing Styret.

Sotvegen – nye eigarforhold?

Hei,

Skjåk Kommune sette for eit år sidan ned ei arbeidsgruppe for å sjå på framtidige eigarforhold for Sotvegen (Klikk her for bakgrunnsinfo om dette ).

I juni sende dei ut eit høyringsbrev der dei tilrår nedklassifisering og overtaking av private interessentar (Klikk her for å sjå høyringsbrevet fra Skjåk Kommune).

Styret i Lidar Vel er skeptiske til dette og ynskjer primært at dagens ordning med Skjåk Kommune som eigar og driftar av vegen held fram. Her er svaret vi sendte på høyringsbrevet: Lidar Vel sitt svar på høyringsbrevet.

Vi i styret kjem til å fylgje denne saka tett framover, og kjem attende med meir info etterkvart.

Helsing Styret.

Konstituering av styret

Hei,

Lidar Vel hadde sitt fyrste styremøte 13. august 2014, der styret vart konstituert. Styret ser no slik ut:

  • Formann: Stig Banken
  • Nestformann: Mette Fjerdingby
  • Sekretær: Peder Sperstad
  • Kasserer: Ingvar Kringlethaugen
  • Løypeansvarleg:  Thorstein Aamot

Elles i styret arbeider vi no med vegsaken i samband med Skjåk Kommune sitt ynskje om nye eigarforhold for vegen.  Det kjem eit eige innlegg om dette med det fyrste.

Helsing Styret

Innkalling til årsmøte i Lidar Velforeining.

Det blir halde årsmøte på Sota Sæter sjærtorsdag den 17. april 2014 kl.18:00.

Saker:

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Valg av møteleiar og skrivar.
  3. Valg av to personar til å skrive under protokollen.
  4. Godkjenning av årsberetning og årsrekneskap.
  5. Valg: 2 styremedlemmar og 1 medlem av valgkomiteen.
  6. Forenkling av namnet på foreininga til Lidar Vel
  7. Tidspunkt for årsmøte 2015
  8. Justering av årskontingenten. Forslag 300.-
  9. Eventuelt.

Bevertning.

Dersom du har saker du vil ta opp på årsmøtet, må dette meldast skriftleg/mail
til styret v/Stig Erlend Banken, innan den 3. april.

VELKOMNE!

Vedlegg:

Innkalling-årsmøtet 2014 (2)

Rekneskap 2013

Styreberetning 2013 Org