Kategoriarkiv: StyreSkriv

Ny bru over Kupgrovi vart bygd våren 2014 av DNT v/Marvin Banken etter løyve frå Nasjonalparkstyret (sakspapir frå Nasjonalparkstyret her).

Kupgrove1
(Nybrua med Slæom i bakgrunnen)

Kupgrove2

I 2015 har Nasjonalparkstyret planer om byggje det eine spennet på brua over Storgrovi. Dette vil da bli ei aluminiumsbru som over Kupgrovi. Det andre spennet over Storgrovi vil det eventuelt bli gjort noko med seinare. Vi kjem attende med meir informasjon på eit seinare tidspunkt.

Betaling av kontigent 2015

Det er tid for betaling av medlemskontigenten for 2015. Sjå vedlagt brev for informasjon om dette.
Her er kortversjonen:
  • Beløp: 300.-
  • Konto: 2085.64.33871
  • Navn/adresse: Lidar Vel v/Ingvar Kringlethaugen, 2690 SKJÅK.
  • Forfall: 01.04.2015
  • Melding: Namn på medlem
Helsing
LidarVel ved styret

 

Det er no uvanleg mykje snø til å vere midt i januar, og det ligg an til ein flott etterjulsvinter med mykje bra skiføre! Vi tilrår å sjekke snøen på hyttetaka. Snødybda på dette taket varierte mellom 1 – 1,5 meter.

TakMaaking

 

LitenSkiloper

Seterstulen

Nytt webkamera

Vi har sett opp eit nytt webkamera viser utsikta frå Liavassosen og nordover: Klikk her

Det kan bli litt endring på utsnitt og vinklar etterkvart.

Vi håper dette kameraet blir eit nyttig supplement til kameraet til Sota Sæter.

Tilsagn om midler frå Breheimen Utviklingsfond

Vi har nå fått kr 50 000,- fra Breheimen Utviklingsfond (sjå vedlegg)

Desse midlane har vi tenkt å bruke til ein gapahuk ved Geitsætra, og ellers til rasteplassar mellom Mysubytta og Brennsæter.

Vi avhengige av ein dugnadsinnsats LidarVel-medlemmane for å få dette til.

Vi ynskjer innspel frå medlemmar når det gjeld utforming og plassering av dei 5-6 plassane vi har tenkt å få opp. Ta gjerne kontakt med med styret dersom du har meiningar eller gode idèar!

Epost: styret@lidarvel.no

Vedlegg: TilsagnOmMidlerBreheimenUtviklingsfond_2014-12-11