Ny bru over Kupgrovi vart bygd våren 2014 av DNT v/Marvin Banken etter løyve frå Nasjonalparkstyret (sakspapir frå Nasjonalparkstyret her).

Kupgrove1
(Nybrua med Slæom i bakgrunnen)

Kupgrove2

I 2015 har Nasjonalparkstyret planer om byggje det eine spennet på brua over Storgrovi. Dette vil da bli ei aluminiumsbru som over Kupgrovi. Det andre spennet over Storgrovi vil det eventuelt bli gjort noko med seinare. Vi kjem attende med meir informasjon på eit seinare tidspunkt.

Løypeinfo

Årets sesong med løypekøyring er nå avslutta. Vi takker nok ein gong for den store innsatsen våre løypekøyrarar har gjort til glede for alle som har gått på ski i vårt område. Vi ynskjer alle våre medlemmar ei fin tid fram til neste sesong.